| |
Velkomen til heimeside for Lauritsgarden
i Bjørdalen.
Bjørdalen ligg i Ørsta kommune, omlag 10 km frå Ørsta
sentrum.
Bjørdalen er ein sydvendt dal, 200 m over havet omkransa
av høge fjell. Det høgste er ”Storetiden ” (På kartet står det ”Krokfannfjell”)
1408 m over havet. I Bjørdalen er det 14 gardsbruk, 8 av desse er i drift.
På alle bruka er det grasproduksjon. Det er rike utmarksbeite som vert
nytta sommarstida. Inst inne i Bjørdalen ligg ”Dalsvatnet”, der Bjørdalselva
går utifrå og ender opp i ”Likjevatnet” , før den forset mot Vatne. Vidare
er her ei betydeleg hjortestamme, der det vert gitt løyve til å felle 18
dyr. Vanlegvis vert det felt frå 9 til 15 dyr pr år.

|
| |
Sida vart oppretta i mai 2003. |
| |
 |
|