|







| |
Litt om garden vår:
"Lauritsgarden” er ingen gammal gard. Den vart
frådelt ”Eliasgarden” der bestefar Laurits kom frå kring 1915 og fekk
gardsnr. 38 og bnr. 20. Bestefar starta å dyrke og bygge ut garden. I
1918 vart nytt stovehus ferdig, og same år var ei enkel fjøsbygning
bygt. Seinare, i 1925, vart det bygd fjøs/løde med gjødselkjellar.
Det vart gradvis dyrka nytt land med enkle redskap og handemakt. Anna
og Laurits (mine besteforeldre) fekk etterkvart 3 jenter og 3 gutar.
Einar (i midten av gutane) viste størst interesse for gardsdrift og
gjekk jordbruksskule på Eidså i 1939. Etter kvart tok han over drifta,
samtidig som garden vart oppdyrka meir og meir. I 1955 kjøpte Einar
sin første traktor, ein ny ”Gråtass” som kosta kr 11.000,- ein betydeleg
sum i den tida. Oddlaug og Einar fekk 2 jenter og 1 gut. Sonen (eg)
fekk namnet Laurits (etter bestefar), og eg driv i dag garden i lag med
kona mi, Åsta. Tidleg på –70 talet starta det ei utviding av garden,
med nydyrking med moderne maskiner, samtidig som ny driftsbygning vart
bygd i 1976. Tunteigen er på 230 dekar frå Bjørdalselva til Videtjørn på
Eidet. Av dette er ca 110 dekar dyrka mark, i tillegg driv vi leigeslått
av 50 dekar. Skog/utmarksareal utgjer ca 300 dekar. Drifta i dag er
mjølkeproduksjon med ca 18 årskyr med fullt påsett av ku/kviger,
oksekalvane vert selde til kjøtprodusentar. Sjølv om det i dag er står
dårleg til med rekruttering til landbruket, håper vi at ein av våre 3
born vil vidareføre drifta.
|
|
 |
|
|